Om meg

Bildet mitt
Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!

12 april 2012

Mørketida er over


Bardufoss flyplass har eit mykje finare namn på engelsk:)
Eg hugsar første gongen eg såg sola her oppe. Det var rett og slett magisk. Dei første strålane som kraup over fjella. Soldatane som stoppa opp langs solflekkane på veg til messa, i ekstase over å kjenne varme i ansiktet! Vi kom oss nok over ei kneik den dagen, sjølv om sola berre var oppe ein time eller to. No har ei ny tid begynt. Klokka er stilt, og sola er oppe mykje lengre her enn i Sør-Norge. Og snart blir det midnattssol. Vi er jo i april! Tida går fort når ein er i militæret.

Det ser ut til at sola har virkning på befalet også, som ser ut til å lyse meir og meir opp for kvar dag som går. Vi har ikkje hatt ferdigstilling eller tvangspush på aldri så lenge. Vi får meir og meir ansvar og tillit, og eg føler meg ikkje som ein ungdomsskuleelev lenger.

Vi hadde langperm nr. 2 no i påska, og det passa perfekt etter Cold Response og skyteveke. Ja, det er sant!! Skyteveke. Vi fekk skyte med noke som likna på bazookaen dei brukar i Worms(som eg har fått dilla på no..), og kaste handgranatar. SJUKT gøy! Du kjenner deg ganske nervøs når du har tatt ut splinten på granaten og er klar til å kaste den. Makkeren min greidde å kaste den 2 meter framfor oss.. Bra vi hadde betongveggen i mellom. Høhø. Men som sagt. Påskeperm, ja. 10 dagar fri, litt i oslo, mest heime i Valdres. Du rekk faktisk å bli sivil igjen på den tida. Og det gjorde det litt tungt å komme tilbake til nord. Sove lenge, lese påskekrim, ete påskeegg(før påskeafta..:P), sjå Poirot-maraton på Fox Crime, spankulere langs Aker Brygge og sleike sol. Sykkelen blei til og med henta fram. Så då eg sat på bussen til Oslo siste dagen, var det litt vemodig. For å vere heilt ærlig, var det veldig vemodig. For det det føltes så bra å vere voksen igjen. Jobbe litt, ha eit eige liv. Men då eg kom meg opp igjen og inn i rutinene i løpet av første dagen blei alt bra igjen. Dessutan blir samhaldet bedre og bedre, spesielt på rommet og i troppen.

I morgo er vi ferdige med sambandskurset vi har hatt denne veka. Alle i bataljonen driv no med ulike våpen- og køyrekurs, i tillegg til sambandskurs. Utdanninga er i gong. Så no skal eg bli god på å snakke "walkie-talkie"! :)


Heimmarsjen frå skytedag


Stimling rundt "bazookaene". This is KpC :)