Om meg

Bildet mitt
Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!

02 mai 2012

Bursdagsalarm

Litt uklart, men beskrivande bilde. Ferdig med dagens stridsteknikk :)
Det er ikkje så lett å oppdatere bloggen når det er full rulle i militæret. I skrivande augeblikk sit eg på Tromsø flyplass på veg mot Bergen og Rotterdam. Permsøknaden gjekk gjennom, så no blir det EM i brassband for alle penga. Eg kom tilbake til leir i går kveld etter 7 dagar på øvelse Faryab. Puh.

Faryab er ein førebuande øvelse for soldatane som reiser til Afghanistan i neste omgong, og KpC blei spurt om å vere med som eit støtteelement. Så den siste veka har vi slått leir i afghanske skogar og rulla gjennom heimelaga landsbygder. PRT, eller stabiliseringsstyrken som sendes ned til midtausten, stod for leiinga, og såg heilproffe ut. Noko dei også er. Første delen av øvelsen, for vår del, gjekk med til å trene stridsteknikk. Springe rundt i skogen og leike krig, med andre ord. Slitsomt, litt hat i tjukkaste snøen, men meir og meir tøft. For vi blir faktisk bedre. Tre dagar med drilling gir utbytte. Nokon av oss fekk dessutan prøvd ut eit sab-system(?), som er eit slags lasersystem. Enkelt sagt er det ei stemme i utstyret som seier drept eller i kem del av kroppen du er skutt. Så når vi spring rundt og skyt med raudfis(plastikkskudd), kan du høyre ei irriterande damestemme som seier at du er dårlig til å krige. Eller skuddsnitt over hovudet på deg. Fascinerande i grunn. Fekk ikkje prøvd det ut sjølv, men vi skal nok ha meir av det.
Kryping på høgt nivå.

Blinkskudd! Fienden tar skiftestilling mens soldaten ligg i dekning. Ikkje så diskre kanskje..
Etter 3-4 dagar med mykje roping, blåmerker, groper tatt og våte uniformar, reiv vi leiren kl 0430 og rulla vidare inn i øvelsen og mot fiendar i mørket. Eg var oppsatt på sisu som skyttar, men fekk denne gongen hjelp av ein medstabsmann til å dekke vakta. For ein blir jo sliten oppi tårnet. Og gjett om han fekk skyte med 12,7-en 10 minutt etter at han tok over vakta! Fy, eg var misunnelig. Men så fekk eg anledningen til å skyte sjølv seinare på dagen, så då var eg fornøgd:)
Meg
"Løven"

Vi bekjempa to mål den dagen, og støtta troppane med observasjonar. Det er kanskje langdrygt å stå oppi tårnet i mange timar, men når ein plutselig sveipar over skjulte fiendar over fjella, eller skuddbygar i din retning blir alt verdt det, og pulsen går opp eit hakk. Det høyres kanskje banalt ut, men ein lev seg såpass inn i situasjonen. Du tenker ikkje akkurat der og då på at kanskje det samme skjer i Afghanistan eller Afrika, berre med skarpe skudd. Der den eine parten blir såra eller drept.

Maten var eit kapittel for seg sjølv på denne øvelsen. HERMETIKK! Ke skjedde med feltrasjonen? No er eg kanskje den einaste som ikkje er lei av FR-en enda, men denne gongen var resten av staben med meg. Tilbake med feltrasjonen! Dei første dagane varma vi spaghetti på boks, du veit sånne som ligg på lager på DNT-hyttene langt inne i fjellheimen, rett på ovnen. Men det fekk vi ikkje lov til lenger då eit heilt lag blei sendt på sjukestova fordi ting begynte å komme ut begge vegar.. Høhø. Neida, vi overlevde maten denne gongen også. Vi er jo soldatar, mann!

O hellige multifuel-omn!
Tapre soldatar gir alt for å få ned..den raude massen..
Lasersystemet!

Burdagen min blir feira også. Om enn ikkje på heilt vanlig vis. 40 minutt inn i bursdagen min, 1.mai, FRIDAGEN, våknar vi brått av skudd og ALARM! Vi hiv på oss bukse og jakke, vest og våpen og spring halvt i svime ut i stilling. Eg opp i 12.7-tårnet. Eg ser skuddrøyk bak brinken 800m i frå oss og får ordre om ILD. Det skytes rundt meg også, for heile troppen er samla. Snart blir det stille og beredskapen går ned til grønn. Vi kan legge oss igjen. I teltet får eg ein stille bursdagssang, og eg tar meg ein smaskens, aka kokosbolle, og ein bursdagssnus:) Vi sovnar med ein gong. Men det tar ikkje lang tid før neste alarm kjem, og det er på'n igjen! Slik haldt det på eit par gongar til, før vi får lagt oss for godt rundt kl 04.00. Det blei ikkje rare søvnen den natta. Men ein minnerik bursdag var det! Våt, skitten, svett og ekkel rullar vi inn i leir samme kvelden.

Litt sliten etter ei veke i felt. Eller var dette første kvelden..?

PS: Bataljonssjefen har visst funne ut med sin superhemmelege spionering på soldatane sine aktivitetar, at bloggen min fins, og har visst tenkt å lese den vidare. Så.. ja. Morsomt å få melding av sjølvaste sjefen på facebook! :P