 |
Makkeren min! Han har ein tendens til å flekse med sin (quote) "huge biceps".. |
Eg lovde eitt innlegg med masse bilder, så det skal dåke få!
Forrige veke var det duka for skarpskytingsøvelse på Blåtind, omtrent der vi begynte å gå 3-mila. Troppane har vore gjennom nokre intense veker med trening på laget i angrep. Det vil seie å forflytte seg lagvis mot fienden, for så å "ta grop", helst utan å bli skutt ned. Så det seier seg sjølv at dette ikkje kan utføres med skarp ammo med det første. Laga må koordinere såpass godt at dei ikkje skyt kvarandre i ryggen. Men troppane er blitt dritgode på det her! Staben innehar sjølvsagt desse eigenskapane frå før av, så vi treng ikkje øve på sånt tull. Kremt. Neida. Vi i staben var markørar i forkant av den skarpe gjennomføringa, og spelte fienden.
 |
Sjåføren, klar til dyst. |
 |
Kolonnekjøring mot Blåtind. |
Det er alltid god stemning etter at teltet er oppe og multifuelen er i gong. Ligg det ein pakke med smaskens ved sida av i tillegg, er dagen komplett. Smaskens, eller kokosbolle, er spesielt sjefane sin favoritt. Dei blir rett og slett sure viss dei ikkje får kokosbollen sin. Det blir som med politi og doughnut. Eg trur eg skal legge til meg den vanen. Då vil eg passe rett inn om eg kjem inn på politihøgskulen neste år.
 |
Middagstid. Spaghetti på boks, hurra! |
 |
Staben må alltid lade opp etter ein hard dag i felt. Nokon har til og med stækka opp litt sukkerholdig drikke i bagasjen. |
 |
Multifuel er ein genial oppfinnelse, så lenge ein har bil å frakte den med. Det tar 3 sekund å varme opp teltet med ein sånn ein. |
 |
The Shire. |
 |
Endeleg kan eg stolt presentere, the one and only - BC-en! Eller bæsj and carry om ein vil. Luftig innredning, med storslått utsikt! |
BC-en er ikkje så ille som folk vil ha det til, altså. Som regel har vi telt rundt. Posen henges rundt "doskåla", og så er det berre å knyte den sammen når ein er ferdig, og kaste den i boksen ved sida av. Jah. Så det.
Som sagt, vi i stabsjegerkommandoen var markørar for dei stakkars troppane, og skaut dei i filler. Vi la oss i skjul bak eit par brinkar, og venta på at vi skulle sjå noko bevege seg i buskane. Den første runden blei vi slakta. Plutseleg var dei over bakkekammen og kasta granat på oss. Sukk. Men feil blir ofte rett andre gongen. Så etterpå delte vi oss og lurte laget til feil plass, mens vi satt bakom neste brink og leika gerilja. På det meste trur eg vi tok ut eitt av to lag. Usikkert. Vi brukte saab-vestar, som eg har skive om før. Der det kjem ei damestemme og seier "drept" kvar gong laserstråla frå fienden treff deg. Men det fins noko som vi kallar gudepistol, som resett vestane. Eg mistenker lagførarane for å resette alle som blei treft.
 |
Blåtindgeriljaen. |
 |
I stilling. |
 |
Dekkstilling. Kan ikkje bli sett eller skutt. |
 |
Laget var raskt framme og tok gropa vår. Her er geriljaen død. |
Av og til lurte vi som sagt laget til å tru at vi fortsatt satt oppe på åskammen, så då dei kasta ein granat og storma gropa, sat vi og fniste bak neste brink. Høhø. Men blodpumpa går ganske raskt under eit angrep. Ein gong var eg aleine på første brink, og flytta meg bakover då eg såg laget var i marsj. Men neida. Dei var ikkje i marsj mot første brinken. Dei tok ein spansk ein og flaug direkte til neste. Mot meg! Og då var eg totalt open mot skudd. Måtte åle meg langs myra for ikkje å bli sett. Og då dei nærma seg, var det ikkje anna å gjere enn å utføre suicide mission. Eg lada nytt magasin i våpenet, satte på fullauto, og sprinta mot dei. Død etter to sekund kanskje. MEN eg tok ut eit par i fosøket :)

Det mest minneverdige angrepet var då makkeren min overraska laget med ein granat. EPISK var det. For dei forventa det ikkje. Eg hadde åla meg opp i stilling nedanfor makkeren min, og såg at han tok fram granaten og kasta. " UÆÆÆÆ, SJOKK!!" *pang*, kom det frå buskane framfor oss. Han hadde truffe. Dei sa etterpå at dei hadde sitti å snakka då granaten kom, og spurde seg sjølv kven sin det var. Ingen? FAEN! Spredning! Så neida, vi er ikkje heilt inkompetente heller.
Neste veke er det Haustmauk, deretter perm :D