Om meg

Bildet mitt
Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!

28 oktober 2012

Soldatar er ikkje synske

Pisserekka
Som du ser har det rekki å bli vinter her sidan sist eg skreiv. Snøen kom for ei veke sidan, og vinterkamuflasjen is coming up.

Det har eigentleg skjedd ein del sidan forrige innlegget, men eg har ikkje heilt fått summa meg til å skrive om det. Det skjer ein del internt i tillegg. Dimmefesten er blant anna under planleggjing, og eg har endeleg fått ut invitasjonane. Det er dessutan siste sjanse til å få med seg gratis kurs før dimisjon, så vi meldar oss på det meste. Forrige veke var det muleg å ta skarpskyttarmerket på skytebanen til og med.

Verdt å nemne frå siste månaden, er øvelse Høstmauk, der den nye befalskulen var fienden. Bataljonen med samvirke(artilleri, ingeniør, sanitet osv) tok seg gjennom Mauken til Blåtind, og det heile enda med at troppane i KpC og KpB marsja inn mot fienden til fots. Eg fekk skutt éin gong. Siste kvelden stod stridsvognene i bakkant av troppane og sikra seg, og eg var heilt sikker på at det ikkje skulle skje noko. Folk satt baki og snakka skit, ikkje sant. Alt skjedde i eit bedageleg tempo. Så eg såg mitt snitt til å gå på do og få i meg litt etterlengta mat, og bytta vakt med vognføraren. Då vi bytta tilbake, tok det ganske nøyaktig 1 minutt før eg høyrde smell bak oss. KONTAKT! DÅ begynte folk å røre på seg, skal eg seie deg.

Tommel opp for foto av seg sjølv !

Maukebataljonen på oppstillingsplass.
Etter Høstmauk var det perm, og deretter eit treningsopphald på Rena for troppane. Vogncrewet og stab var igjen i leir og trente på sitt. Vi hadde blant anna eit par dagar på skytebanen, der vi fekk prøvd andre våpen enn det vi er vand med. Til dømes maskingevær og pistol. Gøy, gøy! Pistol er faktisk jækla vanskeleg å bruke pga stor rekyl og lite støtte.




Det gjekk også rykter blant oss i staben om ein kts- alarm(klar til strid) i næraste framtid. Vi hadde jo to veker i leir utan troppane, så det ville passa utmerka å plassere ein alarm då. Makkeren min har spesielt dårlege nerver når det gjeld dette, og gjer alt klart kvelden før han trur noko kjem til å skje. Men det har jo vist seg at han ikkje heilt har dei synske eigenskapane han vil ha det til. Faktisk. Den einaste natta han var sikker på at det IKKJE var KTS, var då det skjedde. Det var torsdag kveld, og vi var klare for helg dagen etter. Makkeren hadde til og med bursdag. Han hadde fått bursdagspush av oss, og sjefen hadde lova han presang når han minst venta det. Faresignala var jo store. Men vi vart likevel overraska då døra smalt opp på rommet rundt 0530, og befalet storma inn med brølande stemmer som fekk veggane til å vibrere. Eg kunne ønske det fantes ein film av dette. Det du då ville sett var forvirra, halvnakne og febrilske soldatar som prøvde å få på seg stridsutrustning i mørket, med sokken på vranga og hjartet i halsen. Alt er kaos, og det einaste viktige er å kome seg fortast muleg ut med riktig utstyr og laget intakt.

Vel ute var det ferdigstilling til alle var ute og kjeft for ikkje å ha venta på sistemann. Litt push-ups. Og etter å ha henta sekk, vest og våpen fekk vi oss eit par runder i hinderløypa. Eg har aldri vore så frustrert som eg var då. Eg har heller aldri fått så mykje kjeft(eller jo, kanskje av mamma). Sjølvbeherskelsen hadde eg lagt igjen i rekrutten. Eg HATE å bli urettferdig behandla. HATEHATEHATE! Det var nok ganske tydeleg. Etter denne nedtrykkande opplevinga var det inn i mørkelagt bil mot ukjent destinasjon. Eg tenkte vi skulle i gjørmeløypa, men då bilen stoppa stod vi ved kaserna. "Hent gassmaska." Så då blei det andre gongen med gassbua for oss i år. Bortsett frå for ei, som gjekk glipp av den første. Det seies at det blir verre jo fleire gongar du blir eksponert for CS-gass. Det er sant. Denne gongen fekk eg nesten ikkje ut eit einaste ord då eg tok av maska. Det hadde nok også litt med at vi måtte ete ein kjeks inne i gassbua. Då må ein jo ta av maska eit lite augeblikk, stappe kjeksen inn i munnen, ta maska på igjen, og puste hardt ut. Det eg ikkje skjønte i all hast, var at kjeksen ikkje skulle tygges før eg pusta ut, og at eg ikkje skulle puste ut gjennom drikkeslangen, men rett ut i maska. Høhø. Så det endte jo med at eg blåste kjeksslev i heile maska, og at eg ikkje fekk ut gassen. Men eg kom meg jo ut til slutt. Hes og rennande.

Vidare marsja vi mot ukjent mål i skogen ein stund. Vi fekk vite at vi skulle på tredagersøvelse, såkalt øvelse Jerv, og at første natta skulle tilbringes i knappetelt. Men jo nærare leir vi kom, jo meir tvilande vart vi. I leir fekk vi ei ny runde i hinderløype, og fekk melding om å pakke for tre dagar. No skulle vi plutseleg til Hattavarre. Eit bratt, høgt fjell eit stykke unna leir. Så like før vi skulle av garde, midt utpå dagen, kjefta sjefen på oss fordi vi ikkje hadde tatt med 12,7, og at vi måtte inn å hente det. Det var då eg skjønte at befalet var gode til å lyge, men ikkje lengre enn hit. Vi trengte jo ikkje nokon 12,7? Då vi tok opp døra til våpenrommet, var det noko anna som møtte oss. Befalet hadde rigga til prosjektor, høgtalarar, film og snop!

Sjefen laga rullekaka. Han pakka den til og med inn i plast... Flink!
 Vi var mildt sagt glade. Det var som å ha beretløpet om igjen. Eg felte faktisk ei tåre trur eg. Men berre kanskje. Og makkeren min vil nok aldri gløyme bursdagsgåva han fekk frå befalet sitt.

Sultne og slitne stabssoldatar!