Redd Menig Eraker
Om meg

- Marina
- Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!
04 desember 2012
Dimme, dimme, dimme, dimme, dimmetid..
Eg syns å hugse at nokon sa det var på tide å oppdatere bloggen på dimmefesten forrige helg.. Men nei, det kan eg ikkje seie sikkert.
Men jaurå. Det er dimmetid. 327 dagar tilbakelagt i Forsvaret. 9 igjen. Eg må jo innrømme at det skal bli godt. Det har vore ganske mange harde dagar. Og nokon mindre slitsomme. Men det går jo opp for ein kva ein har når det snart er slutt.
Det eg kjem til å sakne:
* Makkeren min m/fleire
* Kontoret mitt
* Mat på bordet(gruer meg til å lage mat sjølv igjen!)
* Utfordringane
* Tilliten
* Befalet. Spesielt den eksepsjonelle humoren til visse stabsoverordna.
* Å gå i uniform, faktisk!
* Gratis treningsstudio
* Utsikten frå Mauken!
* Å telle ned til dimisjon
Det eg kan greie meg utan:
* Mas om reiserekningar!
* 154 kr dagen
* Å hate
* Pusse multifuel
* Kjøttkaker
* Vaktpost i 20 minusgrader
* Å gå att og fram til messa
* Vaske kjøretøysmotor før mønstring
* Vaske rommet etter først å ha klatra seg ut av senga kl 0600 om morgonen.
* KTS- alarm. Men samtidig.. Det er jo litt gøy óg, då!
* Vinterkamuflasje
Alt som gjenstår av verneplikten no, er å levere inn utstyr og vaske oss ut av Skjold. Og dimisjonstestar! :S
Slenger på eit par bileter frå SIBO/MOBO*-kurset vårt, i tillegg til vårt kjære Maukerike.
* Strid i bebygde områder/Militære operasjoner i bebygde områder.
"Hotellet" frå scenariolandsbyen. Eg kutta forresten nesten av fingrane mine i ei av metalldørene du ser på sida. |
Eminente charlie-soldatar. |
Mauken |
28 oktober 2012
Soldatar er ikkje synske
Pisserekka |
Det har eigentleg skjedd ein del sidan forrige innlegget, men eg har ikkje heilt fått summa meg til å skrive om det. Det skjer ein del internt i tillegg. Dimmefesten er blant anna under planleggjing, og eg har endeleg fått ut invitasjonane. Det er dessutan siste sjanse til å få med seg gratis kurs før dimisjon, så vi meldar oss på det meste. Forrige veke var det muleg å ta skarpskyttarmerket på skytebanen til og med.
Verdt å nemne frå siste månaden, er øvelse Høstmauk, der den nye befalskulen var fienden. Bataljonen med samvirke(artilleri, ingeniør, sanitet osv) tok seg gjennom Mauken til Blåtind, og det heile enda med at troppane i KpC og KpB marsja inn mot fienden til fots. Eg fekk skutt éin gong. Siste kvelden stod stridsvognene i bakkant av troppane og sikra seg, og eg var heilt sikker på at det ikkje skulle skje noko. Folk satt baki og snakka skit, ikkje sant. Alt skjedde i eit bedageleg tempo. Så eg såg mitt snitt til å gå på do og få i meg litt etterlengta mat, og bytta vakt med vognføraren. Då vi bytta tilbake, tok det ganske nøyaktig 1 minutt før eg høyrde smell bak oss. KONTAKT! DÅ begynte folk å røre på seg, skal eg seie deg.
Tommel opp for foto av seg sjølv ! |
Maukebataljonen på oppstillingsplass. |
Det gjekk også rykter blant oss i staben om ein kts- alarm(klar til strid) i næraste framtid. Vi hadde jo to veker i leir utan troppane, så det ville passa utmerka å plassere ein alarm då. Makkeren min har spesielt dårlege nerver når det gjeld dette, og gjer alt klart kvelden før han trur noko kjem til å skje. Men det har jo vist seg at han ikkje heilt har dei synske eigenskapane han vil ha det til. Faktisk. Den einaste natta han var sikker på at det IKKJE var KTS, var då det skjedde. Det var torsdag kveld, og vi var klare for helg dagen etter. Makkeren hadde til og med bursdag. Han hadde fått bursdagspush av oss, og sjefen hadde lova han presang når han minst venta det. Faresignala var jo store. Men vi vart likevel overraska då døra smalt opp på rommet rundt 0530, og befalet storma inn med brølande stemmer som fekk veggane til å vibrere. Eg kunne ønske det fantes ein film av dette. Det du då ville sett var forvirra, halvnakne og febrilske soldatar som prøvde å få på seg stridsutrustning i mørket, med sokken på vranga og hjartet i halsen. Alt er kaos, og det einaste viktige er å kome seg fortast muleg ut med riktig utstyr og laget intakt.
Vel ute var det ferdigstilling til alle var ute og kjeft for ikkje å ha venta på sistemann. Litt push-ups. Og etter å ha henta sekk, vest og våpen fekk vi oss eit par runder i hinderløypa. Eg har aldri vore så frustrert som eg var då. Eg har heller aldri fått så mykje kjeft(eller jo, kanskje av mamma). Sjølvbeherskelsen hadde eg lagt igjen i rekrutten. Eg HATE å bli urettferdig behandla. HATEHATEHATE! Det var nok ganske tydeleg. Etter denne nedtrykkande opplevinga var det inn i mørkelagt bil mot ukjent destinasjon. Eg tenkte vi skulle i gjørmeløypa, men då bilen stoppa stod vi ved kaserna. "Hent gassmaska." Så då blei det andre gongen med gassbua for oss i år. Bortsett frå for ei, som gjekk glipp av den første. Det seies at det blir verre jo fleire gongar du blir eksponert for CS-gass. Det er sant. Denne gongen fekk eg nesten ikkje ut eit einaste ord då eg tok av maska. Det hadde nok også litt med at vi måtte ete ein kjeks inne i gassbua. Då må ein jo ta av maska eit lite augeblikk, stappe kjeksen inn i munnen, ta maska på igjen, og puste hardt ut. Det eg ikkje skjønte i all hast, var at kjeksen ikkje skulle tygges før eg pusta ut, og at eg ikkje skulle puste ut gjennom drikkeslangen, men rett ut i maska. Høhø. Så det endte jo med at eg blåste kjeksslev i heile maska, og at eg ikkje fekk ut gassen. Men eg kom meg jo ut til slutt. Hes og rennande.
Vidare marsja vi mot ukjent mål i skogen ein stund. Vi fekk vite at vi skulle på tredagersøvelse, såkalt øvelse Jerv, og at første natta skulle tilbringes i knappetelt. Men jo nærare leir vi kom, jo meir tvilande vart vi. I leir fekk vi ei ny runde i hinderløype, og fekk melding om å pakke for tre dagar. No skulle vi plutseleg til Hattavarre. Eit bratt, høgt fjell eit stykke unna leir. Så like før vi skulle av garde, midt utpå dagen, kjefta sjefen på oss fordi vi ikkje hadde tatt med 12,7, og at vi måtte inn å hente det. Det var då eg skjønte at befalet var gode til å lyge, men ikkje lengre enn hit. Vi trengte jo ikkje nokon 12,7? Då vi tok opp døra til våpenrommet, var det noko anna som møtte oss. Befalet hadde rigga til prosjektor, høgtalarar, film og snop!
Sjefen laga rullekaka. Han pakka den til og med inn i plast... Flink! |
Sultne og slitne stabssoldatar! |
08 september 2012
Smaskens og geriljakrig
Makkeren min! Han har ein tendens til å flekse med sin (quote) "huge biceps".. |
Forrige veke var det duka for skarpskytingsøvelse på Blåtind, omtrent der vi begynte å gå 3-mila. Troppane har vore gjennom nokre intense veker med trening på laget i angrep. Det vil seie å forflytte seg lagvis mot fienden, for så å "ta grop", helst utan å bli skutt ned. Så det seier seg sjølv at dette ikkje kan utføres med skarp ammo med det første. Laga må koordinere såpass godt at dei ikkje skyt kvarandre i ryggen. Men troppane er blitt dritgode på det her! Staben innehar sjølvsagt desse eigenskapane frå før av, så vi treng ikkje øve på sånt tull. Kremt. Neida. Vi i staben var markørar i forkant av den skarpe gjennomføringa, og spelte fienden.
Sjåføren, klar til dyst. |
Kolonnekjøring mot Blåtind. |
Middagstid. Spaghetti på boks, hurra! |
Staben må alltid lade opp etter ein hard dag i felt. Nokon har til og med stækka opp litt sukkerholdig drikke i bagasjen. |
Multifuel er ein genial oppfinnelse, så lenge ein har bil å frakte den med. Det tar 3 sekund å varme opp teltet med ein sånn ein. |
The Shire. |
Endeleg kan eg stolt presentere, the one and only - BC-en! Eller bæsj and carry om ein vil. Luftig innredning, med storslått utsikt! |
Som sagt, vi i stabsjegerkommandoen var markørar for dei stakkars troppane, og skaut dei i filler. Vi la oss i skjul bak eit par brinkar, og venta på at vi skulle sjå noko bevege seg i buskane. Den første runden blei vi slakta. Plutseleg var dei over bakkekammen og kasta granat på oss. Sukk. Men feil blir ofte rett andre gongen. Så etterpå delte vi oss og lurte laget til feil plass, mens vi satt bakom neste brink og leika gerilja. På det meste trur eg vi tok ut eitt av to lag. Usikkert. Vi brukte saab-vestar, som eg har skive om før. Der det kjem ei damestemme og seier "drept" kvar gong laserstråla frå fienden treff deg. Men det fins noko som vi kallar gudepistol, som resett vestane. Eg mistenker lagførarane for å resette alle som blei treft.
Blåtindgeriljaen. |
I stilling. |
Dekkstilling. Kan ikkje bli sett eller skutt. |
Laget var raskt framme og tok gropa vår. Her er geriljaen død. |
Det mest minneverdige angrepet var då makkeren min overraska laget med ein granat. EPISK var det. For dei forventa det ikkje. Eg hadde åla meg opp i stilling nedanfor makkeren min, og såg at han tok fram granaten og kasta. " UÆÆÆÆ, SJOKK!!" *pang*, kom det frå buskane framfor oss. Han hadde truffe. Dei sa etterpå at dei hadde sitti å snakka då granaten kom, og spurde seg sjølv kven sin det var. Ingen? FAEN! Spredning! Så neida, vi er ikkje heilt inkompetente heller.
Neste veke er det Haustmauk, deretter perm :D
30 august 2012
Virtuell krigføring
Det heile begynte med ein mystisk oppringing frå kapteinen. Eg og to andre skulle møte på kontoret asap. Då kan ein jo begynne å lure på kva gale ein har gjort. Men så er det måte på kor mykje dumt ein får gjort på ei veke i leir. Litt nervøse var vi vel før vi banka på døra til Mr. Sjef. Men vi hadde ikkje gjort noko gale(som han nemnde i alle fall), vi blei tvert imot "invitert" med på ein litt spesiell øving på Rena leir. Vi skulle støtte bataljonsstaben i ein øving gjennomført på data. Ja, DATA. Kriging på data. Som å spele nintendo 64. Eg skjønte ikkje heilt greia først for å vere ærlig. Såg for meg Rome Total War og World of Warcraft, berre med dårlegare grafikk. Men vi såg fram til ei veke med litt annleis teneste. I tillegg fekk vi smørt på litt helgeperm. God stemning!
Det var ikkje akkurat World of Warcraft som møtte oss på Rena, men dataspel kan ein jo kalle det. Så vi fekk prøvd oss som både troppssjef og sambandsmenn i eit virtuelt Afghanistan og Noreg på ordre frå kapteinen. Føre brikker hit og dit i teigen, administrere skadde soldatar og lastebilar som plutseleg plumpa i elva. Alt er greitt på data! Før veka var omme, var augene våre firkanta og utallege snusboksar tomme. Det tar på å sitte framfor dataen 12 timar om dagen. Warning, warning småbarn! Men det var god trening, spesielt det å sitte på samband og få med seg alt som skjer på nett. For det skal eg jo kunne. God stemning var det også å sitte saman i den lille bula vår, i alle fall etter at folk fekk i seg kaffi på morgonkvisten. Og vi fekk nok kjeks innabords, for å seie det sånn! Dessutan fekk vi eit ganske eksklusivt innblikk i korleis leiinga foregår, og eit foredrag frå nokon som hadde vore i Afghanistan. Ganske sterke saker. Det fekk i alle fall meg til å tenke. Vi har verkeleg flinke folk i forsvaret vårt.
No nærmar brigadestafetten seg farefullt, og eg håpar det er nok at eg gjer mitt beste. Konkurranseinstinktet er skyhøgt her oppe, noko eg manglar heilt. Panserbataljonen og 2.bataljon har kniva om 1.plassen i mange år, og no må vi vinne for at dei ikkje skal ta vandrepokalen. Eg trur eg berre skal konsentrere meg om å springe mine 500m fortast muleg. Satsar på at resten av laget tar ut eit godt forsprang til eg skal sprinte siste etappe. No er eg litt trøtt etter fire dagar i felt, så eg får vel legge meg før inspiserande kjem inn og trampar i golvet. Lovar å skrive om feltveka snart. Dessutan har eg masse bilder. Hurra!
Snakes on a plane!
Charlie komp
Før vi tar fri før helga eller før permisjon har vi alltid ein kompanioppstilling der vi trer av på kapteinens ordre. Å tre av er ikkje alltid like lett å koordinere likt blant så mange soldatar. Men eg syns ikkje vi gjorde det så aller verst her. Vi har tross alt øvd på det sidan januar. Og det skal bli endå betre før dimisjon i desember. Legg merke til at vi er veldig glade for å få 3 veker sommarperm:)
11 august 2012
Det siste halvåret
God sommar, folks! For min del er den snart over.Det har begynt å bli ganske kaldt på morgonen, og eg kjenner på meg at det blir ein tidleg haust her oppe i nord. Men eg har også begynt å innsjå at eg ikkje skal vere her for alltid. Eg har nemleg vore inne til førstegongsteneste i 7 månader! Det er ikkje til å tru kor fort tida flyr. Akkurat no er det to veker sidan sommarpermen var slutt, og Skjold på nytt blei heim.
Før sommarferien nemnde eg 3-mila, Midnight Sun Marathon og trumpetspeling. Vel, eg gjorde mitt for å seie det sånn. 3-mila var som forventa. Med 12kg på ryggen(berre for å vere sikker på at sekken min blei godkjent ved målstreken) og 2 bananar innabords la eg ut på den lengste marsjturen eg har vore med på. Og det var ikkje akkurat ein flat tur. Eg har høyrd ein del om 3-mil andre stadar, og dei har vore mest mogleg rett fram med nokon bakkar. *riste på hovudet* Nei, her på Skjold har vi Mauken og Blåtind. Så før vi kunne krype over målstreken måtte vi over to fjell. Og du kan kanskje tenkje deg korleis det er å vere nedst i dalen og sjå vegen sno seg oppover mot toppen langt borti horisonten? Ja, sånn var det. Fleire gongar. Eg prøvde å ikkje telle så mange kilometerskilt dei første 15km. Det einaste eg konsentrerte meg om var å bruke mindre enn 45min per femte km. Og å ikkje ete opp sjokoladen min før siste nedoverbakken.. Men det gjekk jo ganske greit. På flata småjogga eg eller gjekk fort, nedover jogga eg, og oppover gjekk eg fort. Det var ikkje så ille. I motsetning til 15km-en i rekrutten. Det var tortur. På 3-mila kunne eg justere tempoet mitt sjølv og sjå på utsikten, i staden for å tenke på å dø for å slippe resten. Den siste mila gassa eg på og passerte ein del folk. Og den siste kilometeren tok eg til og med igjen eine sersjanten i kompaniet. Då godta eg meg. Høhø. Så med utsvetta uniform og store sår på ryggen etter stridssekken(den hoppa opp og ned då eg sprang), passerte eg mål på 4 timar og 17 minutt. Meget stolt over å ha tatt marsjmerket! Det verste var eigentleg å gå tilbake til kaserna. Eg hadde lyst på ein cola, men orka ikkje gå opp trappa til butikken...
Ein veke etterpå spelte eg i kyrkja for dei nyvinkla sersjantane, som eigentleg ikkje var så veldig vellykka, men eg fekk i alle fall bli tatt bilete av saman med alle offiserane, og tiltalt som "signalisten" resten av dagen. Det var berre å legge seg og førebu seg på maraton i Tromsø dagen etter. For dei som tenkjer at maraton er 42 kilometer med total smerte.. Det er rett. Eg hadde jo gjort det ein gong før, og tenkte 1 mil inn i løpet kvifor i alle dagar eg kunne finne på å gjere dette igjen. Sukk. Det er heilt forferdeleg å vite at det er 30 km igjen med asfalt. Men eg sprang faktisk på 13min betre enn sist gong. Og så fekk eg medalje. Kanskje det er ein fetisj. Hehe. Søk på www.marathon-photos.com og Marina Eraker Hjønnevåg, så får du sjå masse stygge bilder av meg. Værsågod! Neste år blir det New York Marathon. Dumme meg.
Jaja. Det har ikkje skjedd så mykje ellers. Etter Island, jobb og brunfarge i Kragerø på sommarperm, var det berre å begynne å stå opp kl 0600 igjen. No skal eg plutseleg springe Brigadestafetten fordi ingen andre kunne. Så hardtrening i tre veker? Mhm. Tok meg ein 4x4 intervall før frukost i dag. Nei det blir eit spennande halvår(eller berre 4 månader) med mykje felt og trening:)
I mangel av bedre bilder legg eg ut eit meget fint bilde frå nærkampveka og eit frå Jomfruland i sommar, der vi var nødt til å sove under open himmel i mangel av pengar til camping. Det er nemleg ikkje lov til å sette opp telt. Det var sjølvsagt denne natta det begynte å striregne konstant i 12 timar. Løyste problemet med å legge teltduken vår diskre over oss midt på natta.

Rullesteinstranda på Jomfruland med utsikt over Skagerak. |
![]() |
Stusselig. Men vi blei i alle fall ikkje våte! Før vi måtte stå opp.. |
Tilbakeståande soldatar med tannbeskytter i kjeften. Måtte jo dokumenterast. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)