Det var ikkje akkurat World of Warcraft som møtte oss på Rena, men dataspel kan ein jo kalle det. Så vi fekk prøvd oss som både troppssjef og sambandsmenn i eit virtuelt Afghanistan og Noreg på ordre frå kapteinen. Føre brikker hit og dit i teigen, administrere skadde soldatar og lastebilar som plutseleg plumpa i elva. Alt er greitt på data! Før veka var omme, var augene våre firkanta og utallege snusboksar tomme. Det tar på å sitte framfor dataen 12 timar om dagen. Warning, warning småbarn! Men det var god trening, spesielt det å sitte på samband og få med seg alt som skjer på nett. For det skal eg jo kunne. God stemning var det også å sitte saman i den lille bula vår, i alle fall etter at folk fekk i seg kaffi på morgonkvisten. Og vi fekk nok kjeks innabords, for å seie det sånn! Dessutan fekk vi eit ganske eksklusivt innblikk i korleis leiinga foregår, og eit foredrag frå nokon som hadde vore i Afghanistan. Ganske sterke saker. Det fekk i alle fall meg til å tenke. Vi har verkeleg flinke folk i forsvaret vårt.
No nærmar brigadestafetten seg farefullt, og eg håpar det er nok at eg gjer mitt beste. Konkurranseinstinktet er skyhøgt her oppe, noko eg manglar heilt. Panserbataljonen og 2.bataljon har kniva om 1.plassen i mange år, og no må vi vinne for at dei ikkje skal ta vandrepokalen. Eg trur eg berre skal konsentrere meg om å springe mine 500m fortast muleg. Satsar på at resten av laget tar ut eit godt forsprang til eg skal sprinte siste etappe. No er eg litt trøtt etter fire dagar i felt, så eg får vel legge meg før inspiserande kjem inn og trampar i golvet. Lovar å skrive om feltveka snart. Dessutan har eg masse bilder. Hurra!
Snakes on a plane!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar