God sommar, folks! For min del er den snart over.Det har begynt å bli ganske kaldt på morgonen, og eg kjenner på meg at det blir ein tidleg haust her oppe i nord. Men eg har også begynt å innsjå at eg ikkje skal vere her for alltid. Eg har nemleg vore inne til førstegongsteneste i 7 månader! Det er ikkje til å tru kor fort tida flyr. Akkurat no er det to veker sidan sommarpermen var slutt, og Skjold på nytt blei heim.
Før sommarferien nemnde eg 3-mila, Midnight Sun Marathon og trumpetspeling. Vel, eg gjorde mitt for å seie det sånn. 3-mila var som forventa. Med 12kg på ryggen(berre for å vere sikker på at sekken min blei godkjent ved målstreken) og 2 bananar innabords la eg ut på den lengste marsjturen eg har vore med på. Og det var ikkje akkurat ein flat tur. Eg har høyrd ein del om 3-mil andre stadar, og dei har vore mest mogleg rett fram med nokon bakkar. *riste på hovudet* Nei, her på Skjold har vi Mauken og Blåtind. Så før vi kunne krype over målstreken måtte vi over to fjell. Og du kan kanskje tenkje deg korleis det er å vere nedst i dalen og sjå vegen sno seg oppover mot toppen langt borti horisonten? Ja, sånn var det. Fleire gongar. Eg prøvde å ikkje telle så mange kilometerskilt dei første 15km. Det einaste eg konsentrerte meg om var å bruke mindre enn 45min per femte km. Og å ikkje ete opp sjokoladen min før siste nedoverbakken.. Men det gjekk jo ganske greit. På flata småjogga eg eller gjekk fort, nedover jogga eg, og oppover gjekk eg fort. Det var ikkje så ille. I motsetning til 15km-en i rekrutten. Det var tortur. På 3-mila kunne eg justere tempoet mitt sjølv og sjå på utsikten, i staden for å tenke på å dø for å slippe resten. Den siste mila gassa eg på og passerte ein del folk. Og den siste kilometeren tok eg til og med igjen eine sersjanten i kompaniet. Då godta eg meg. Høhø. Så med utsvetta uniform og store sår på ryggen etter stridssekken(den hoppa opp og ned då eg sprang), passerte eg mål på 4 timar og 17 minutt. Meget stolt over å ha tatt marsjmerket! Det verste var eigentleg å gå tilbake til kaserna. Eg hadde lyst på ein cola, men orka ikkje gå opp trappa til butikken...
Ein veke etterpå spelte eg i kyrkja for dei nyvinkla sersjantane, som eigentleg ikkje var så veldig vellykka, men eg fekk i alle fall bli tatt bilete av saman med alle offiserane, og tiltalt som "signalisten" resten av dagen. Det var berre å legge seg og førebu seg på maraton i Tromsø dagen etter. For dei som tenkjer at maraton er 42 kilometer med total smerte.. Det er rett. Eg hadde jo gjort det ein gong før, og tenkte 1 mil inn i løpet kvifor i alle dagar eg kunne finne på å gjere dette igjen. Sukk. Det er heilt forferdeleg å vite at det er 30 km igjen med asfalt. Men eg sprang faktisk på 13min betre enn sist gong. Og så fekk eg medalje. Kanskje det er ein fetisj. Hehe. Søk på
www.marathon-photos.com og Marina Eraker Hjønnevåg, så får du sjå masse stygge bilder av meg. Værsågod! Neste år blir det New York Marathon. Dumme meg.
Jaja. Det har ikkje skjedd så mykje ellers. Etter Island, jobb og brunfarge i Kragerø på sommarperm, var det berre å begynne å stå opp kl 0600 igjen. No skal eg plutseleg springe Brigadestafetten fordi ingen andre kunne. Så hardtrening i tre veker? Mhm. Tok meg ein 4x4 intervall før frukost i dag. Nei det blir eit spennande halvår(eller berre 4 månader) med mykje felt og trening:)
I mangel av bedre bilder legg eg ut eit meget fint bilde frå nærkampveka og eit frå Jomfruland i sommar, der vi var nødt til å sove under open himmel i mangel av pengar til camping. Det er nemleg ikkje lov til å sette opp telt. Det var sjølvsagt denne natta det begynte å striregne konstant i 12 timar. Løyste problemet med å legge teltduken vår diskre over oss midt på natta.
 |
Rullesteinstranda på Jomfruland med utsikt over Skagerak. |
 |
Stusselig. Men vi blei i alle fall ikkje våte! Før vi måtte stå opp.. |
 |
Tilbakeståande soldatar med tannbeskytter i kjeften. Måtte jo dokumenterast. |