Om meg

Bildet mitt
Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!

17 januar 2012

Innrykk 2. Bataljon

GOD-DAG-SERSJANT!

Nei, no har det vore mykje som har skjedd på ein gong, altså! Personlig data og sivile ting har blitt tatt ifrå meg som rekrutt i Hæren ved 2. Bataljonen i Skjold, så det er ikkje lett å få oppdatert her. Men no har eg ofra ein time av fritida mi til dåke! :)

Etter ein kort natt med lite søvn på grunn av TUSEN tankar surrande rundt i hovudet, var det off to Gardermoen og Sessvollmoen tidleg torsdag. Der blei eg møtt av ein stor gymsal med spente 92-modella som satt på golvet og venta på noko vi ikkje visste heilt kva var. Såkalt "venteteneste". I løpet av dagen var vi innom narkotestx2, test av syn, hørsel, høgde, vekt, og vaksinesprøyter som blei kjørt inn i oss med overraskande hastigheit. Eg blei litt svimmel. Ikkje nok med det. Dei tappa meg for litt blod også. Deretter tannlege som delte oss inn i grønn, gul og raud etter korleis det såg ut inni kjeften. Eg hadde berre eitt hol! Dessuten var vi inne til eit intervju med ein offiser som skulle plassere oss i kompani. 2.BN er delt inn i 4 kompani, deretter troppar og lag. Eg ønskte meg litt til KavEsk, som er hardcore-folka, men der var det "fullt". Det var i alle fall det offiseren sa. Mistenker at han var litt skeptisk til kapasiteten min.. MEN! Eg blei plassert i Kompani Charlie, noko som er litt mindre nazi, men fortsatt hardcore og spennande.

Til slutt, etter ca 14 timar med venting og testing, blei vi chartra opp til Skjold i Troms. Vi blei i all hast kasta inn i ulike rom der alle sov dåvi kom. Det blei 5 timar med etterlengta søv før sersjanten røska oss opp kl 0600. No har det skjedd så mykje på kort tid, at eg ikkje hugsar heilt kva som skjedde lenger. Men vi fekk utdelt uniform og utstyr gjennom eit depot som likna ei handlegate og måtte bære alt tilbake til kaserna, bygget vårt. Trur det vegde 50 kg eller noke, og det var delt i hundre delar. Første hat- periode! Deretter gjekk alt slag i slag til midnatt med info reglar. Dei siste dagane har eg altså fått mellom 4 og 5 timar søvn, og eg kjenner det begynne å tære. Søve nesten over tastaturet for å seie det sånn.

Forsvaret har så langt innfridd, spesielt etter at vi fekk litt meir fritid på kveldane og meir rutiner. Vi har skjønt at vi skal kle på oss riktig til ein kvar tid, altså ulike typar uniform, og at det å komme for seint til oppstilling straffar seg. Stikkord: FERDIGSTILLING OG PUSH-UPS! I går hadde vi roleg langkjøring på 1,5 time. 3-5 spydde, 1 besvimte og måtte bæres av laget heim igjen.. Så nei, roleg langkjøring er ikkje rolig langkjøring i forsvaret. I dag hadde vi 3000-meteren, og eg var faktisk ikkje sist, og bedre enn mange jenter i kompania! Kan nemnes at va var beste kompani i bataljonen så langt :D I morgo er det styrketestar og fleire leksjonar på maskingeværet vi har fått utdelt. Ligg foreløpig på 50 sek på demontering, men det skal ned i 30 for å tilfredstille befalet.

Bilder får eg ikkje lagt ut enda, men det kjem. Folka på rommet/laget mitt er forresten konge, og eg trur det blir eit bra år! Akkurat no er eg for bevisstløs til å komme på meir, men skal prøve å legge ut meir av min SPANANDE teneste!

BTW: Har perm 1. eller 2. mars! :D
Gjennomsnittleg tid på å ete frukost, lunsj og middag= 15 min.
Romvask= drit.

2 kommentarer:

  1. Æææ, så moro! Alt høyrdest ikkje så moro ut, men moro å høyre korleis det er oppi der!! Det blir nok eit BRA år! :D

    SvarSlett
  2. Jeij! Gøy at du gir ein lyd at du er i live og ke du driver med. Gleder mig til bilder! :D

    SvarSlett