Om meg

Bildet mitt
Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!

21 januar 2012

AdSam

Meg i vinterkammo. Veldig fint.
I natt sov eg faktisk 10 timar! Første gong sidan eg satte mine føtter innanfor leiren fekk fekk troppen min lov til å droppe frukost og sove fram til oppmøte. Vi hadde berre undervisning frå 11 til 16, og det var i tillegg i orientering, noko eg BØR kunne. Men eg kjenner meg nesten meir trøtt no som eg har sove.

Dei siste dagane har vi hatt diverse drillar og testar. Som sagt hadde vi 3000-meteren før i veka, noko som gjekk heilt greit. Eg var ikkje sist! Styrketestane gjekk også som forventa; 11 push-ups, 5 hang-ups, og 21 sit-ups. Med andre ord innanfor krava som vi skal strekke oss mot i rekrutten:)

Her i forsvaret har dei eitt anna system på korleis vi skal få ting inn i pappen. Gjer vi noko feil, ta push-ups. Eller ferdigstilling. Her om dagen mista troppen våpenmagasin på bakken noko gongar til at vi skulda 120 push-ups(med stridsutstyr). Dei blei tatt på ein dag. Så eg reknar med at push-up-statusen min er på veg opp, og det kjapt. "Jogging er det heller ikkje mangel på, sidan vi har fysisk fostring 3 gongar i veka, utanom alt anna vi har, som eigentleg er trening det og. Vi marsja til dømes tre timar med fullt stridsutstyr opp og ned i området, og jogga opp på eit lite fjell som blir kalla Mauken, der skytebanen også ligg. Målet i kompaniet er å gå opp dit med 30kg sekk og fullt utstyr på ca 20 min. Jah.

Vi driv med noko som heiter stridsteknikk og AdSam, noko dei som har vore i militæret sikkert veit alt om. Adskillelse og samansetning av våpenet vårt. Eg kan ikkje sei kva slags våpen, i tilfelle eg får 6 månader til15 år i fengsel for å bryte tauseheitsplikta:P Men uansett. Eg var raskast av alle saman med ein til på å demontere våpenet! 32 sek! Og eg scora ikkje minst best på vekas prøve! Høhøhø. Skillz.

Eg skal prøve å få til eit bilete av meg i uniform snart. Og nazisveis. Neida, da e ikkje heilt nazi.



Gjengen min set saman stridsvesten, eller drittvesten som den blir kalla. Det er den som innehalde alt av ammo, førstehjelp og anna div.

My fellow roomies og lagsmedlem. Snop er sjølvsagt eit must i den lille fritida vi har.

Kos på rommet vårt.

Skjold leir midt på dagen. Oi, gløymde eg å sei det? Det er mørkt heile døgnet bortsett frå tre timar midt på dagen.. :P

Laget i full gang med påkledning 0600.

2 kommentarer:

  1. Snøtelt! Nesten.
    Du bli nokganskesikkert i god form ettepå tippa e! Som de store spåkona e æ lizm.

    Du veit, at e bli nesten frista te å rekrutere (??) me te militæret e me! Kji at e nok hadde greidd de, men bli nesten (NESTEN) som eit fhs-år. Samma følko kor dag. Berre litt hardara kanskje..

    Moro me bildo snopeguri :D

    SvarSlett
  2. Nesten, ja:p bortsett frå at vi står opp 0600 og blir psykisk og fysisk brutt kvar dag.. Men gøy e da:)

    SvarSlett