Fellow soldiers |
Er det eitt uttrykk det går mykje av her i leiren, så er det "GOD STeMNING". Eller eventuelt dårleg stemning. Men det er som regel dårleg stemning å seie dårleg stemning, så det gjer vi ikkje ofte. Blodslit opp på skytebana i 20 minus? GOD STEMNING! Nær-døden-opplevelse og lungestrekk på "roleg" langkøyring? GOD STEMNING!
Så her er cluet å vere positiv uansett kva som skjer. Og takk og lov for det. For sist veke var veka frå helvete for min del, fysisk og psykisk sett. Eg blei nok meir nedbrutt enn bygd opp. Alle i kompaniet er småsjuke på grunn av lite tid til restitusjon og styrking av immunforsvaret. Ein av prøvelsane var å marsjere opp på Mauken, "fjellet" skytebanen ligg på, i full KTS - klar til strid. Stridsutstyr, sekk, våpen osv. I og med det går oppover og du har viss mengde kilo på kropp vil det vere naturleg å ta det med ro. But that's not how we roll. Vi gjekk like fort som eg til vanlig ville jogga på flata. Eg fekk nesten astmaanfall og hyperventilering, men det var berre å sparke seg sjølv i rompa og henge med. Heldigvis har vi lagånd i troppen, og dei som ikkje tok stigningen så fint(les:meg) fekk dyttehjelp frå dei med best form. Det er verkeleg kreds! Takk til dåke! :) Belønningen for å pushe seg opp var skyting med skarpt.
Troppen kjempar om flest push på velferdsdagen. 270 stk delt på fem stk. Helt greit lizm. |
Ellers begynner vi å få meir rutine i vasking, uniform, tid og skopuss. TID ER NEMLEG HELLIG. Befalet var nøye med å få det inn i skollen vår, og bestemte seg for å ta tilbake tida vi har sløst på å komme for seint(ikkje meg!). På fredag fekk vi altså ikkje fri etter middag som bestemt, men fellesstraff. Vi måtte ta omvask tre gongar, og deretter noko dei kallar skifteshow. Det går i å skifte til eit bestemt antrekk på ein viss tid befalet anga. For eksempel KTS på 9 min. Tru meg, vi blei ganske svette av å springe opp på rommet, stresskifte og springe ned igjen på oppstilling. Og folk greidde så klart ikkje å skifte i tide, så då blei det fellesstraff. Dette gjorde vi i ca tre timar. Til fenriken var blidgjort.
Jentene i Tropp 2, mongomarina og kammo! Øving på stridsteknikk. |
"Du veit når du trenar så mykje at t-skjorta ikkje passar lenger?"
Vil du forresten sjå nordlys? Kom til Troms, her ser vi det nesten annakvar dag:)
Er det rart eg får lyst til å melde meg til militærteneste? Samhaldet virkar så BRA! :D
SvarSlettAlt det andre ikkje like moro då, men det høyrer liksom med. Militæret skal jo være hardt, men likevel BRA. Eller..? :P
Du har vel lyst inn hit av samme grunn som meg. Og slit høyre med:P Mykje slit og kjefting. God stemning! Men eg savne også folk utafor milten.. :)
SvarSlett