GIIIV AKT! PÅ STEDET HVIL. HVIL.
Bloggen kom til live igjen etter ei lang og hard økt med HLR. Det har skjedd mykje siden sist, og det er vanskeleg å komme seg til ein data. Rekrutten er i siste innspurt, og det er snart tid for første langperm:)
Rekruttperioden var meint å vare i 9 veker, men på grunn av tidleg påske og tidleg Nato-øvelse(cold response!) har vi berre 7 veker. 1.mars er dagen vi får sjå heimen igjen, og eg har tenkt til å nyte tida. Til no har vi vore igjennom eit sanitetskurs nivå 2 der vi lærte ABCDE-drill. Korleis takle store blødninga og så vidare. Vi blei satt under stresstestar der vi skulle greie å behandle pasienten på tid mens dei skreik og det blei skutt rundt oss. Eg stod på eksamen heldigvis. Heile kompaniet venta i eit lite rom på loftet på å få komme ned ein og ein til eit skadeområde. Eg fekk ein pasient med skuddsår i brystet.
Ellers har vi blitt testa ute i felt også, på vinterøvelse. 5 dagar med feltrasjon og vaktpost midt på natta. Mykje marsjing, skyting og litt stress. Men mest kos. Det siste døgnet sov vi maks to timar fordi fienden mest sannsynlig kom til å angripe. Det gjorde dei også. RØD BEREDSKAP, ALLE UT I STILLING! Då var det berre å komme seg ut og skyte dei vi såg. Etter evakueringa, vridning av ankel, ingen mat, ingen søvn, var det rett ut i 15-kilometeren på best mulig tid. Beina mine fungerte ikkje, men eg gav meg ikkje. Vi kom på 5.plass, midt i mengden. Syns ikkje det var så verst:)
No gjenstår berre beretløpet og søknad på stilling før perm. Veldig spent på kva eg får. Skal komme meir innpå dette seinare. No er det kinotid!
Lettare nervøs Camilla før sanitetseksamen. |
Åå, det høyres spennande uut! Og moro, og slitsomt!
SvarSlettGrattis me bestått eksamen ;D