God stemning i sola! |
Forrige veke var nervepirrande, då vi venta på eit mogleg beretløp og på utdeling av stilling i/utanfor kompaniet. Torsdag kveld blei vi alle innkalt til møte med kapteinen og plassert nervøse og kaldsvette på stolane framfor power-pointen. Alle ville sjølvsagt bli i Kompani Charlie, i det minste i 2.bataljon. Det begynte med 111 stk, no skulle vi ned i rundt 80. Då første sliden på skjermen kom, kunne eg puste ut. Eg blei i alle fall ikkje plassert i FLO(Forsvarets Logistikkorganisasjon). Ikkje at det er ein dårleg plass, men eg hadde ikkje lyst til å brette kle resten av førstegongstenesten. Neste slide. Jess, eg havna ikkje i eit anna kompani.
Slide 3. *leite febrilsk etter namnet mitt*
DER!
Hjønnevåg, Marina Eraker - Kompaniassistent/skytter SISU.
I det eg ser namnet mitt og prøvar å skjønne kva stilling eg faktisk fekk, ropar kapteinen(sjef i KP.C) ut namnet mitt. Eg rekk opp handa og blir raud som ein tomat. Det var fleire som fekk liknande stillingar og kloke ord frå kapteinen. Eg er ikkje heilt sikker på kva kp.ass inneber, men eg er i staben, og har ansvar for blant anna permbestilling, personopplysningar ++. Og så får eg bu i stabstelt på øvelse.
I tillegg vil eg få utdanning som skytter på ein pansra vogn med 6 hjul. DIGER tanksliknande greie. Dermed vil eg sitte på toppen av SISUen og avfyre megakuler i skauen! Trur eg skal få ein liten introduksjon til våpenet under Cold Response etter perm. http://forsvaret.no/aktuelt/ovelser/coldresp12/Sider/default.aspx
Så med andre ord; eg kunne ikkje vore meir fornøgd med stillingen min. Endå i alle fall:)
Beretløpet kom ikkje dei dagane vi trudde det skulle komme. Det var jo bataljonsoppstilling og slutten på grunnperioden på onsdag. Men SÅ! Etter helikopterdrilling på mandagen, og framrykningsprøve tirsdag, gjekk vi og la oss på nye rom med nye lagskameratar, fornøgde med at det var siste dag før perm dagen etter. Plutseleg blir eg vekka av eit forferdeleg leven på gangen. Styggaste musikken eg har høyrd. I alle fall no. Eg var sikker på at det var morgon og at nokon på rommet hadde fått eit anfall av morgonfuglsyndromet. Ke i helvete, tenkte eg, og det var like før eg klikka på den skuldige. Men så kom det nokon inn og kasta lightsticks på golvet og begynte og kjefte og smelle på oss. KOM DERE OPP, DÆVEN SØKKE SÅ TREIGE DERE ER, ER DET MULIG! Då skjønte vi endeleg kva det dreide seg om, og vi fikla og stressa med å kle på oss klar til strid. Klokka var 02.00, og vi hadde sove i 3 timar. Vi holdt på med det som blir kalla beretløpet, som gjer oss "fortente" til avdelingsbereten, frå 0200 til 0600. Då fekk vi faktisk gå og ete frukost. Det var hardt, men eg syns faktisk det siste døgnet på øvelsen med 15-kilometeren var verre. Men det var vel derfor vi ikkje fekk meir enn 4 timar. På beretløpet sprang vi i det uendelege, bar 20-literstanka med vatn, bar folk på båre og sprang gjennom hinderløypa. Halvparten av oss var skadde, så vi hadde jo litt problem. Men til slutt vart vi samla rundt eit enormt bål og utdelt ein kopp med eit mistenkeleg sterkt innhald, etter lukta å dømme. Sjefen ropte slagordet vårt: "NON PLUS" vi svarte: "ULTRA!" Så pælma vi i oss akevitten. Kremt. Etter 2 månader avholds og ein krevande natt følte eg meg ganske brisen.
Etter frukost var det bataljonsoppstilling og marsj opp på mauken i formasjon. Då vi kom opp var det høgtideleg musikk og stram oppstilling framfor oberstløytnanten.
"AV MED HJELM. PÅ MED BERET!"
Eg lyg ikkje når eg seier vi var ein stolt gjeng :)
Bereten min:D |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar