Om meg

Bildet mitt
Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!

21 mars 2012

Hjørdis gone mad

Ny yndlingsaktivitet: laminering av kart!....
Då var eg godt planta i senga på kaserna i leir. Øvelse Cold Response er utført, dryg med mykje venting, slitsom til tider. Vi begynte forrige mandag med førebuing av køyretøy og utstyr, og reiste ut tirsdag kveld. Det blei ein jækla lang dag for å seie det sånn. Opp kl 0600, i soveposen rundt 0500. Det var mykje som skulle ordnast før ein så stor internasjonal øvelse, og så tok det sin tid å komme fram til planlagt base. Vi forflytta oss frå Skjold til området rundt Harstad og Narvik. Derifrå skulle vi vente på at allierte pressa fienden nordover. Det var ikkje så mykje anna å gjere enn å sette opp telt og hovedkvarter til sjefane. Vi i stab har nemlig ansvar for at dei har det bra :P
SISU

Men kjøringa tok sin tid, og vi var ikkje framme før langt på natt. Vi kunne endeleg legge oss rundt 0500 før vi skulle opp igjen 0800. Dei neste dagane gjekk til å øve litt stridsteknikk, maktutøving blant sivile i fiendtlege områder, sitte fyrings- og sambandsvakt. For i teltet har vi nemleg noko som heiter multifuel, ein omn som varmar godt. Spesielt i forhold til primus. Primus er dritt i forhold. Men nokon på passe på at teltet ikkje brenn opp, så då bytta vi gjennom natta. Eg kan lett sei at det ikkje blei mykje samanhengande søvn på meg. Sambandsvakta var litt skumlare. Sambandet er det radioutstyret som gjer at vi kan kommunisere med resten av styrken. Og det er eit spesielt "språk" som brukes. T.d "Bernt, dette er Erling, over". "Texas, sibir, og vegas utført, over". " Erling slutt". Alt går i koder og korte setningar. Og ikkje minst på engelsk i mange samanhengar. Vi hadde tross alt utanlandske allierte. Det verste er at du må handtere 3 nett på ein gong, og bytte mellom engelsk og norsk, og få med deg alle meldingar. Det kan vere viktig for den vidare operasjonen. Som kompaniassistent skal eg tydelegvis bli ekspert på dette.. heh.

Jah, neida, så. Ellers har eg smakt på det å vere top cover på sisuen "min". Då sit eg i eit tårn på toppen og sikrar og evt skyt. Fordelen er at eg får stå på taket og sjå på utsikten når vi køyrer, og skutt med eit stort maskingevær. Bakdelen er at det til tider kan ver pisskaldt, dritkjedeleg og utruleg slitsomt for beina og hjernen når eg må vere oppe heile natta for sjå etter fienden. Eg duppa av annakvart minutt den siste natta i ståande stilling. Skuddsikker vest er heller ikkje veldig behageleg å ha på seg. Då eg kom ned i vogna igjen etter våkenatta, såg dei rart på meg. Zombie. Heldigvis avløyste ein medliden soldat meg på dagen sånn at eg fekk sove ein time.

Klargjering av 12,7-en på sisu :D

Det er god stemning i vogna under marsj. Befalet tullar og høyrer på musikk. Alt høyres gjennom intercomen, så eg kan sitte å høyre på skitsnakket deira. Og eg har tydelegvis fått eit nytt tilnamn gjennom i-comen. "Hjørdis, e alt bra oppe der?" God stemning. Løytnanten min er flink til å plage meg, men heldigvis med eit lurt smil om munnen. Han har skjønt at eg ikkje tar meg nær av det. Bortsett frå ein gong ein av dei siste dagane. Då var eg gretten og sur, og så ville sjefen at vi skulle legge oss i teltet og fyre opp multifuelen. Og den skulle absolutt stå på varmaste. Fordi løytnanten sa det. Badstu med andre ord. Uff. Eg var så frekk i kjeften at han måtte bryte inn og seie at her var det han som var sjef, og det var berre å innrette seg. Ingen skal sei noko på ein ordre. Cat fight mellom oss. Eg sa unnskyld, då, så det gjekk bra. No hard feelings.

Viktig info: Feltrasjon i 8 dagar fører til hyppig besøk på BC. Bæsj and carry. God stemning :D
Det var godt å komme i leir igjen. No gjenstår berre vedlikehaldet.. Og så blir det påske neste veke!

09 mars 2012

Perm


Heime i Sogndal, første gong i sivil! Og forresten. Eg har veldig kort hår:)
Då var eg tilbake i leir etter eit forsinka fly og tre timar søvn før neste tenestedag. Det hjalp ikkje at vi blei vekt ekstra tidlig for å ta pisseprøve. Permen var DEILIG! Komme ut i det fri, sjå normale folk, ete grandis og møte kjente. Det blei både Sogndal og Oslo. Og litt alkohol, Ikkje så mykje faktisk. Måtte ta meg ein power nap etter første cideren..
I Oslo fekk eg sett førpremieren på Into the whithe med hysteriske fjortisa som ville ta på Pupert Grint. Seinare på kvelden blei det litt meir dramatisk då eg besvimte og slo haka mi på innspelinga av Lydverket. Høhø. Skulle tru at eg skulle vere litt meir stabil etter 2 månader i militæret. Men neida. Lite vatn og mat gjennom dagen, og eit ekstremt varmt lokale førte til eitt stykk svimeslått Marina. Augene mine gjekk visst i kryss og dei hadde høyrt eit dunk i salen rett før Laleh(kveldens artist:D) skulle synge. Dei måtte bære meg ut, for i det eg våkna med masse ansikt rundt meg og eg sa det gjekk greit, besvimte eg visst igjen. Mjeee. Avslutta kvelden i ambulanse, EKG og blodsukkerprøve. Masse elektroda på brystet. Men eg fekk liv i meg då venninnene mine proppa i meg banan og kjeks! Dessuten varta Marte meg opp med grandis og cola. Hjernen min gjekk litt treigt dei neste dagane. Men det skal seies. Personalet og prosjektleiaren på Lydverket var kjempesnille og hjalp meg. Dessutan fekk vi gjestelisteplass på konsert med Laleh seinare. 





Livet er litt meir rolegare etter rekrutten, og vi som er i stab får ein del friheit gjennom dagen. Akkurat no gjer vi klar alt til Cold response på måndag. Det blir sjukt! 10 dagar i felt, med 15 ulike nasjonar, 16000 soldatar. Etter det er det blir det nok ei Tromsøhelg før det er ei veke igjen til påskeferie. Eg er spent på fortsettelsen. Litt mindre push- ups, men. Forhåpentligvis greier eg 23 stk til 1.mai. Bursdagspush er obligatorisk.

Fornøgd soldat på perm, snart klar for meir action.

Laleh i gong, rett før "the incident".. :P

Stig Henrik Hoff og Ronny Wiltersen ønsker velkommen til film.


02 mars 2012

Ein stor dag

God stemning i sola!
Sola har begynt å vise seg for alvor oppe i nord, og dagane er lengre. Akkurat no sit eg på ei mjuk seng i finaste Sogndal og nyt godveiret. Eg har nemleg min første perm! Alt skjedde så fort den siste veka, og plutseleg satt eg på flyet til Oslo.

Forrige veke var nervepirrande, då vi venta på eit mogleg beretløp og på utdeling av stilling i/utanfor kompaniet. Torsdag kveld blei vi alle innkalt til møte med kapteinen og plassert nervøse og kaldsvette på stolane framfor power-pointen. Alle ville sjølvsagt bli i Kompani Charlie, i det minste i 2.bataljon. Det begynte med 111 stk, no skulle vi ned i rundt 80. Då første sliden på skjermen kom, kunne eg puste ut. Eg blei i alle fall ikkje plassert i FLO(Forsvarets Logistikkorganisasjon). Ikkje at det er ein dårleg plass, men eg hadde ikkje lyst til å brette kle resten av førstegongstenesten. Neste slide. Jess, eg havna ikkje i eit anna kompani.
Slide 3. *leite febrilsk etter namnet mitt*
DER!

Hjønnevåg, Marina Eraker - Kompaniassistent/skytter SISU.

I det eg ser namnet mitt og prøvar å skjønne kva stilling eg faktisk fekk, ropar kapteinen(sjef i KP.C) ut namnet mitt. Eg rekk opp handa og blir raud som ein tomat. Det var fleire som fekk liknande stillingar og kloke ord frå kapteinen. Eg er ikkje heilt sikker på kva kp.ass inneber, men eg er i staben, og har ansvar for blant anna permbestilling, personopplysningar ++. Og så får eg bu i stabstelt på øvelse.
I tillegg vil eg få utdanning som skytter på ein pansra vogn med 6 hjul. DIGER tanksliknande greie. Dermed vil eg sitte på toppen av SISUen og avfyre megakuler i skauen! Trur eg skal få ein liten introduksjon til våpenet under Cold Response etter perm. http://forsvaret.no/aktuelt/ovelser/coldresp12/Sider/default.aspx

Så med andre ord; eg kunne ikkje vore meir fornøgd med stillingen min. Endå i alle fall:)

Beretløpet kom ikkje dei dagane vi trudde det skulle komme. Det var jo bataljonsoppstilling og slutten på grunnperioden på onsdag. Men SÅ! Etter helikopterdrilling på mandagen, og framrykningsprøve tirsdag, gjekk vi og la oss på nye rom med nye lagskameratar, fornøgde med at det var siste dag før perm dagen etter. Plutseleg blir eg vekka av eit forferdeleg leven på gangen. Styggaste musikken eg har høyrd. I alle fall no. Eg var sikker på at det var morgon og at nokon på rommet hadde fått eit anfall av morgonfuglsyndromet. Ke i helvete, tenkte eg, og det var like før eg klikka på den skuldige. Men så kom det nokon inn og kasta lightsticks på golvet og begynte og kjefte og smelle på oss. KOM DERE OPP, DÆVEN SØKKE SÅ TREIGE DERE ER, ER DET MULIG! Då skjønte vi endeleg kva det dreide seg om, og vi fikla og stressa med å kle på oss klar til strid. Klokka var 02.00, og vi hadde sove i 3 timar. Vi holdt på med det som blir kalla beretløpet, som gjer oss "fortente" til avdelingsbereten, frå 0200 til 0600. Då fekk vi faktisk gå og ete frukost. Det var hardt, men eg syns faktisk det siste døgnet på øvelsen med 15-kilometeren var verre. Men det var vel derfor vi ikkje fekk meir enn 4 timar. På beretløpet sprang vi i det uendelege, bar 20-literstanka med vatn, bar folk på båre og sprang gjennom hinderløypa. Halvparten av oss var skadde, så vi hadde jo litt problem. Men til slutt vart vi samla rundt eit enormt bål og utdelt ein kopp med eit mistenkeleg sterkt innhald, etter lukta å dømme. Sjefen ropte slagordet vårt: "NON PLUS" vi svarte: "ULTRA!" Så pælma vi i oss akevitten. Kremt. Etter 2 månader avholds og ein krevande natt følte eg meg ganske brisen.

Etter frukost var det bataljonsoppstilling og marsj opp på mauken i formasjon. Då vi kom opp var det høgtideleg musikk og stram oppstilling framfor oberstløytnanten.
"AV MED HJELM. PÅ MED BERET!"
Eg lyg ikkje når eg seier vi var ein stolt gjeng :)

Bereten min:D