Om meg

Bildet mitt
Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!

05 juni 2012

Gassbu og signaltrompet


Mauken
No har eg til og med fått ein kommentar på kor dårleg eg er til å oppdatere. Eg kan unnskulde meg med at dataen min har streika, og at eg har mista kabelen til kameraet! Men no har eg lånt ein data for å gjere opp for meg, for no har det jo skjedd ein heil del. Det er tross alt ein *kremt* månad *kremt* sidan sist..

Vel, her på Skjold har sommaren endeleg begynt å lure rundt hjørnet. Vi har bretta opp ermene, og gradene held seg over null. Til og med over 10 av og til! Men så skal det seies at det snødde så seint som sist onsdag. Det er ikkje rart dei seier at det går an å oppleve alle årstider året rundt her. Men det er eit godt teikn når skoa må pusses i eit kvarter for å få vekk all gjørma etter ein dag i skogen. Snart er det vel også dags for gjørmeløypa. *skummel musikk* Eg gleder meg!

SNØ!
I siste innlegget mitt skreiv eg om stridsteknikk og å leike krig. Sidan då har vi skrudd opp eit hakk og gjort det same med skarp ammo mot blink. Då blir det plutseleg litt meir alvorleg. Og litt meir nervøse hender. Men gøy var det! Og tungt. Det som er bra, er at ein ikkje merker at ein blir sliten før gjennomføringa er over. Imens har vi sikkert hørt ut som astmapasientar for befalet som følgte oss hakk i helane. Men eg har nok funne ut at eg ikkje er heilt skapt for sånne operasjonar, sjølv om eg gjer mitt beste. Eg likar meg best i tårnet på sisu-en trur eg. Eller rundt bålet sånn som det her: :)





Forrige veke fekk eg ei nervepirrande oppgåve.. Sidan eg mest sannsynleg er den einaste som spelar kornett  i kompaniet mitt, eller den einaste dei veit om, blei eg bedt om å spele signaltrompet under avslutninga til befalskuletroppen i KpC. Det er umuleg å uttrykke i ord kor nervøs og skrekkslagen eg er for å få den oppgåva. Sceneskrekken min er jo til å ta på. Ikkje har eg øvd skikkeleg på 4 år heller. Kva dei tenkjer på, det veit ikkje eg. Men eg må jo berre ta meg sammen, gå opp i den mest isolerte gangen som fins på kaserna, og ØVE. Heh. Rommet mitt syns i alle fall det er kjempegøy å prøve å presse ut nokon toner frå trompeten, til alle andres skrekk.

Vi har venta på det lenge, og trudde snart vi ikkje fekk oppleve det. Men plutseleg på onsdag vanka det ei ny utfordring på døra. Den etterlengta gassbua! Hah! Merkeleg nok har eg gleda meg til akkurat det. For dei som ikkje veit kva som fins i den berømte gassbua, er det berre å følgje med. For å vite kva vi går til, som vi  kan komme borti i fiendtlege områder, skal vi kjenne på korleis det er å puste inn CS-gass, eller tåregass. Google it. I gassbua fyrer dei opp eit par sånne, eller fem. Vi hadde på oss gassmasker, men tok dei av oss ein etter ein. Og å puste inn det der er.. breathtaking, for å seie det sånn. Det skal visst gå an å puste, men gassen irriterer alt av slimhinner såpass at både tårer, slim, spytt og snørr renn i hytt og pine. Eg fekk i alle fall ikkje puste. For å komme oss ut måtte vi gå opp i rett og spørre løytnanten korrekt om å forlate gassbua. Og det er nemleg ikkje så lett når ein føler ein skal dø. Stemmen går i stå, og orda stokkar seg heilt! Lø..yn..t..nant..HOSTEHARKE..menig..hj..ønne..SPY..våg.. ber om tillatelse til å forlate gassbua! Det blei filma, og eg ser ut som ein idiot. Då eg endeleg kom meg ut, rant alt som kunne renne. Einaste måten å få vekk den forferdelege følelsen av å bli kvalt sakte men sikkert, er å få luft. Masse luft. Springe motvinds. Og for all del ikkje ta seg i ansiktet. Alt i alt var det ein veldig interessant opplevelse! Haha. Det var jo faktisk litt gøy å ha gjort det.


Lettare nervøse? Neida, her har vi stabsjegarane klare til dyst!

Død og fordervelse. 

Konklusjonen: Eg ser dessverre ikkje så bra ut etter CS-gass.


Ellers ser det ut til at eg skal springe maraton igjen i slutten av månaden. Etter den har eg berre eitt mål igjen innanfor maratonområdet. New York! Men før det har eg 3-mila å sjå fram til! Eg kjem jo ikkje til å vere skikkeleg restituert før eg skal til pers igjen:P Ja, ja, alt ein gjer for sjølvrealisering.

1 kommentar:

  1. OMG, gleda du deg?! Såg ikkje du på det på Osen-programmet? Du er gaaaal !

    God militærsumar! (har du Valdres-perm nokon gong i sumar?)

    SvarSlett