Om meg

Bildet mitt
Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!

14 juni 2012

Nakkesleng og naseblod

Eg vil påstå dette har vore ei av dei mest intensive vekene i leir sidan rekrutten. Sidan søndag har vi sparka og slått, vridd og kjempa oss gjennom eit nærkampkurs med harde bud. Vi har blant anna lært om hook og upper cut, push kick, americana og anaconda. Mykje rart med andre ord. Knokene mine er gule, blå og full i blod.

Soldaten får inn slaagteknikken.

Vi har vore innom ein del typar kamp i løpet av fem dagar, og eg har fått prøvd meg på bakkekamp(bryting på kne), nedrivningsteknikkar, kamp med våpen, løsrivelse og sparring med fullt utstyr. Skal sei hovudet banka etter endt dag. Spesielt når motstandaren får inn eit par venstre-hookar! Det gjekk rundt for meg fleire gongar. I bakkekampen var det om å legge motstandaren i bakken og få han/ho til å "tappe ut". Det vil sei, ta kvelertak eller å vri arm/bein ut i ein usannsynleg vinkel. Det er ikkje så lett som det ser ut til! Spesielt når du ligg under 85 kg mann(det hørtes feil ut.. men slapp av, sånt er ikkje lov i forsvaret) og slit med å puste bak ein bolerarm rundt halsen. Etterpå var ikkje nakken snill å be.

Til høgre har vi regjerande bakkekampmester. Eller Panser som vi kallar han.  Kreds!
I dag hadde vi ei kampløype gjennom eit mørkt bygg der vi møtte på ulike utfordringar som ein avslutning på veka. Vi blei slitt totalt ut før vi blei sendt opp trappane. Det var litt gøy å denge løs på guttane med susp og hjelm. Høhø. Då eg kom ut i andre enden var eg dausliten og sikla hang ut frå tannbeskyttelsen. Bra slutt! Uniformen min er dessutan full i blod. Den same uniformen eg skal bruke på Mauketon i morgo! 3-mila FTW. Eg satsar på å ta marsjmerket, som ein får om ein fullførar under 4t og 35min. Men vi får sjå. Vi har tross alt hatt ei slitsom veke. På tirsdagen var eg sikker på at eg kunne drept sersjanten som tok oss med på ein roleg langkjøring for å løyse opp musklane. Eg burde vel vite no at det ikkje er noko som heiter roleg langkjøring i forsvaret. Ikkje ein gong tre dagar før 3-mila.

Under ser du Panser bryte mot ein av dei bedre motstandarane:) Go Panser!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar