Om meg

Bildet mitt
Hei! Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!

30 januar 2012

Aurora borealis slash god stemning!

Fellow soldiers


Er det eitt uttrykk det går mykje av her i leiren, så er det "GOD STeMNING". Eller eventuelt dårleg stemning. Men det er som regel dårleg stemning å seie dårleg stemning, så det gjer vi ikkje ofte. Blodslit opp på skytebana i 20 minus? GOD STEMNING! Nær-døden-opplevelse og lungestrekk på "roleg" langkøyring? GOD STEMNING!

Så her er cluet å vere positiv uansett kva som skjer. Og takk og lov for det. For sist veke var veka frå helvete for min del, fysisk og psykisk sett. Eg blei nok meir nedbrutt enn bygd opp. Alle i kompaniet er småsjuke på grunn av lite tid til restitusjon og styrking av immunforsvaret. Ein av prøvelsane var å marsjere opp på Mauken, "fjellet" skytebanen ligg på, i full KTS - klar til strid. Stridsutstyr, sekk, våpen osv. I og med det går oppover og du har viss mengde kilo på kropp vil det vere naturleg å ta det med ro. But that's not how we roll. Vi gjekk like fort som eg til vanlig ville jogga på flata. Eg fekk nesten astmaanfall og hyperventilering, men det var berre å sparke seg sjølv i rompa og henge med. Heldigvis har vi lagånd i troppen, og dei som ikkje tok stigningen så fint(les:meg) fekk dyttehjelp frå dei med best form. Det er verkeleg kreds! Takk til dåke! :) Belønningen for å pushe seg opp var skyting med skarpt.

Troppen kjempar om flest push på velferdsdagen. 270 stk delt på fem stk. Helt greit lizm.

Ellers begynner vi å få meir rutine i vasking, uniform, tid og skopuss. TID ER NEMLEG HELLIG. Befalet var nøye med å få det inn i skollen vår, og bestemte seg for å ta tilbake tida vi har sløst på å komme for seint(ikkje meg!). På fredag fekk vi altså ikkje fri etter middag som bestemt, men fellesstraff. Vi måtte ta omvask tre gongar, og deretter noko dei kallar skifteshow. Det går i å skifte til eit bestemt antrekk på ein viss tid befalet anga. For eksempel KTS på 9 min. Tru meg, vi blei ganske svette av å springe opp på rommet, stresskifte og springe ned igjen på oppstilling. Og folk greidde så klart ikkje å skifte i tide, så då blei det fellesstraff. Dette gjorde vi i ca tre timar. Til fenriken var blidgjort.

Jentene i Tropp 2, mongomarina og kammo! Øving på stridsteknikk.

"Du veit når du trenar så mykje at t-skjorta ikkje passar lenger?"

Vil du forresten sjå nordlys? Kom til Troms, her ser vi det nesten annakvar dag:)

21 januar 2012

AdSam

Meg i vinterkammo. Veldig fint.
I natt sov eg faktisk 10 timar! Første gong sidan eg satte mine føtter innanfor leiren fekk fekk troppen min lov til å droppe frukost og sove fram til oppmøte. Vi hadde berre undervisning frå 11 til 16, og det var i tillegg i orientering, noko eg BØR kunne. Men eg kjenner meg nesten meir trøtt no som eg har sove.

Dei siste dagane har vi hatt diverse drillar og testar. Som sagt hadde vi 3000-meteren før i veka, noko som gjekk heilt greit. Eg var ikkje sist! Styrketestane gjekk også som forventa; 11 push-ups, 5 hang-ups, og 21 sit-ups. Med andre ord innanfor krava som vi skal strekke oss mot i rekrutten:)

Her i forsvaret har dei eitt anna system på korleis vi skal få ting inn i pappen. Gjer vi noko feil, ta push-ups. Eller ferdigstilling. Her om dagen mista troppen våpenmagasin på bakken noko gongar til at vi skulda 120 push-ups(med stridsutstyr). Dei blei tatt på ein dag. Så eg reknar med at push-up-statusen min er på veg opp, og det kjapt. "Jogging er det heller ikkje mangel på, sidan vi har fysisk fostring 3 gongar i veka, utanom alt anna vi har, som eigentleg er trening det og. Vi marsja til dømes tre timar med fullt stridsutstyr opp og ned i området, og jogga opp på eit lite fjell som blir kalla Mauken, der skytebanen også ligg. Målet i kompaniet er å gå opp dit med 30kg sekk og fullt utstyr på ca 20 min. Jah.

Vi driv med noko som heiter stridsteknikk og AdSam, noko dei som har vore i militæret sikkert veit alt om. Adskillelse og samansetning av våpenet vårt. Eg kan ikkje sei kva slags våpen, i tilfelle eg får 6 månader til15 år i fengsel for å bryte tauseheitsplikta:P Men uansett. Eg var raskast av alle saman med ein til på å demontere våpenet! 32 sek! Og eg scora ikkje minst best på vekas prøve! Høhøhø. Skillz.

Eg skal prøve å få til eit bilete av meg i uniform snart. Og nazisveis. Neida, da e ikkje heilt nazi.



Gjengen min set saman stridsvesten, eller drittvesten som den blir kalla. Det er den som innehalde alt av ammo, førstehjelp og anna div.

My fellow roomies og lagsmedlem. Snop er sjølvsagt eit must i den lille fritida vi har.

Kos på rommet vårt.

Skjold leir midt på dagen. Oi, gløymde eg å sei det? Det er mørkt heile døgnet bortsett frå tre timar midt på dagen.. :P

Laget i full gang med påkledning 0600.

17 januar 2012

Innrykk 2. Bataljon

GOD-DAG-SERSJANT!

Nei, no har det vore mykje som har skjedd på ein gong, altså! Personlig data og sivile ting har blitt tatt ifrå meg som rekrutt i Hæren ved 2. Bataljonen i Skjold, så det er ikkje lett å få oppdatert her. Men no har eg ofra ein time av fritida mi til dåke! :)

Etter ein kort natt med lite søvn på grunn av TUSEN tankar surrande rundt i hovudet, var det off to Gardermoen og Sessvollmoen tidleg torsdag. Der blei eg møtt av ein stor gymsal med spente 92-modella som satt på golvet og venta på noko vi ikkje visste heilt kva var. Såkalt "venteteneste". I løpet av dagen var vi innom narkotestx2, test av syn, hørsel, høgde, vekt, og vaksinesprøyter som blei kjørt inn i oss med overraskande hastigheit. Eg blei litt svimmel. Ikkje nok med det. Dei tappa meg for litt blod også. Deretter tannlege som delte oss inn i grønn, gul og raud etter korleis det såg ut inni kjeften. Eg hadde berre eitt hol! Dessuten var vi inne til eit intervju med ein offiser som skulle plassere oss i kompani. 2.BN er delt inn i 4 kompani, deretter troppar og lag. Eg ønskte meg litt til KavEsk, som er hardcore-folka, men der var det "fullt". Det var i alle fall det offiseren sa. Mistenker at han var litt skeptisk til kapasiteten min.. MEN! Eg blei plassert i Kompani Charlie, noko som er litt mindre nazi, men fortsatt hardcore og spennande.

Til slutt, etter ca 14 timar med venting og testing, blei vi chartra opp til Skjold i Troms. Vi blei i all hast kasta inn i ulike rom der alle sov dåvi kom. Det blei 5 timar med etterlengta søv før sersjanten røska oss opp kl 0600. No har det skjedd så mykje på kort tid, at eg ikkje hugsar heilt kva som skjedde lenger. Men vi fekk utdelt uniform og utstyr gjennom eit depot som likna ei handlegate og måtte bære alt tilbake til kaserna, bygget vårt. Trur det vegde 50 kg eller noke, og det var delt i hundre delar. Første hat- periode! Deretter gjekk alt slag i slag til midnatt med info reglar. Dei siste dagane har eg altså fått mellom 4 og 5 timar søvn, og eg kjenner det begynne å tære. Søve nesten over tastaturet for å seie det sånn.

Forsvaret har så langt innfridd, spesielt etter at vi fekk litt meir fritid på kveldane og meir rutiner. Vi har skjønt at vi skal kle på oss riktig til ein kvar tid, altså ulike typar uniform, og at det å komme for seint til oppstilling straffar seg. Stikkord: FERDIGSTILLING OG PUSH-UPS! I går hadde vi roleg langkjøring på 1,5 time. 3-5 spydde, 1 besvimte og måtte bæres av laget heim igjen.. Så nei, roleg langkjøring er ikkje rolig langkjøring i forsvaret. I dag hadde vi 3000-meteren, og eg var faktisk ikkje sist, og bedre enn mange jenter i kompania! Kan nemnes at va var beste kompani i bataljonen så langt :D I morgo er det styrketestar og fleire leksjonar på maskingeværet vi har fått utdelt. Ligg foreløpig på 50 sek på demontering, men det skal ned i 30 for å tilfredstille befalet.

Bilder får eg ikkje lagt ut enda, men det kjem. Folka på rommet/laget mitt er forresten konge, og eg trur det blir eit bra år! Akkurat no er eg for bevisstløs til å komme på meir, men skal prøve å legge ut meir av min SPANANDE teneste!

BTW: Har perm 1. eller 2. mars! :D
Gjennomsnittleg tid på å ete frukost, lunsj og middag= 15 min.
Romvask= drit.