Hei!
Vestlendingen og nynorskpatrioten er så heldig å få tenestegjere som soldat ved 2.Bataljon langt inni tettaste Troms, og blir utfordra på heilt andre plan enn i det sivile. Har du lyst til å lese om mine grønne opplevingar, har du faktisk sjansen no!
Heime i Sogndal, første gong i sivil! Og forresten. Eg har veldig kort hår:)
Då var eg tilbake i leir etter eit forsinka fly og tre timar søvn før neste tenestedag. Det hjalp ikkje at vi blei vekt ekstra tidlig for å ta pisseprøve. Permen var DEILIG! Komme ut i det fri, sjå normale folk, ete grandis og møte kjente. Det blei både Sogndal og Oslo. Og litt alkohol, Ikkje så mykje faktisk. Måtte ta meg ein power nap etter første cideren..
I Oslo fekk eg sett førpremieren på Into the whithe med hysteriske fjortisa som ville ta på Pupert Grint. Seinare på kvelden blei det litt meir dramatisk då eg besvimte og slo haka mi på innspelinga av Lydverket. Høhø. Skulle tru at eg skulle vere litt meir stabil etter 2 månader i militæret. Men neida. Lite vatn og mat gjennom dagen, og eit ekstremt varmt lokale førte til eitt stykk svimeslått Marina. Augene mine gjekk visst i kryss og dei hadde høyrt eit dunk i salen rett før Laleh(kveldens artist:D) skulle synge. Dei måtte bære meg ut, for i det eg våkna med masse ansikt rundt meg og eg sa det gjekk greit, besvimte eg visst igjen. Mjeee. Avslutta kvelden i ambulanse, EKG og blodsukkerprøve. Masse elektroda på brystet. Men eg fekk liv i meg då venninnene mine proppa i meg banan og kjeks! Dessuten varta Marte meg opp med grandis og cola. Hjernen min gjekk litt treigt dei neste dagane. Men det skal seies. Personalet og prosjektleiaren på Lydverket var kjempesnille og hjalp meg. Dessutan fekk vi gjestelisteplass på konsert med Laleh seinare.
Livet er litt meir rolegare etter rekrutten, og vi som er i stab får ein del friheit gjennom dagen. Akkurat no gjer vi klar alt til Cold response på måndag. Det blir sjukt! 10 dagar i felt, med 15 ulike nasjonar, 16000 soldatar. Etter det er det blir det nok ei Tromsøhelg før det er ei veke igjen til påskeferie. Eg er spent på fortsettelsen. Litt mindre push- ups, men. Forhåpentligvis greier eg 23 stk til 1.mai. Bursdagspush er obligatorisk.
Fornøgd soldat på perm, snart klar for meir action.
Laleh i gong, rett før "the incident".. :P
Stig Henrik Hoff og Ronny Wiltersen ønsker velkommen til film.
SERIØST?! Eg var òg på førpremieraa! Likte du filmen?
SvarSlettNais å besvime litt så ein får gjestelisteplass då! Eller ikkje, men Laleh virkar flink. Berre sett ho på skjermen eg då.
Jasså, du! Va visst mange kjente der fant eg ut etterpå:) den va veldig bra ja! Fjortisane utafor va ikkje like kule:p
SvarSlett